Dei kjem om natta.

Av Marit Fjordheim.

I påska var eg på solidaritetstur til Palestina. Som samfunnsengasjert og Palestina-ven har eg sett, lest og høyrt mykje om korleis livet er for palestinarane under okkupasjonen av Israel.

Ein må ikkje ha vore der for å skjøna og meina at palestinarane lever under press, frykt, kontroll, usikkerheit, men ein ser ting på ein heilt annan måte når ein har vore der, snakka med folk og sett kva forhold dei lever under.  Opplevingane der gjorde sterkt inntrykk.

Når ein er på Vestbreidda, ser ein all israelsk utbygging som har skjedd på palestinsk land. Koloniseringa hadde kome lenger og skreik meir mot oss enn nokon av oss hadde førestilt seg. Busettjarkoloniane var fleire og større. Me kunne også sjå korleis dette startar; fyrst vert det bygd nokre brakker; små uskuldige hus på ei høgde, så får dei straum, vatn og veg av israelske styresmakter. Kolonien er bygd på marka til ein palestinsk landsby i utgangspunktet, og så vert eit område rundt definert som sikkerheitssone, og den nye vegen får truleg ikkje palestinarane lov å bruka. Alt dette tek mykje jordbruksland frå landsbyen, eller hindrar tilgang til det.

Det er naturleg at okkupasjonsmakta møter motstand frå dei okkuperte. Det skjedde i Noreg, det skjer mange stader i verda. Det skjer i Palestina. Ikkje minst skjerpar det frontane når okkupanten på denne måten planmessig flyttar sine eigne inn på okkupert territorium. (Og det er mot internasjonal lov!)

Når kolonistane etablerer seg inne på palestinsk jord, vert det straks militæret sin jobb å sikra tryggleiken deira. Dette er ei utfordring – som Gerard Horton frå Military Court Watch sa då me møtte dei i Palestina: Tenk på tryggingsutfordringa om USA hadde plassert 400.000 sivile amerikanarar i koloniar rundt om i Afghanistan.

Det eg skildrar nedanfor er rått, brutalt og umenneskeleg. Men det er også logisk, frå Israel si side. Det er krigens og undertrykkinga sin logikk. Korleis oppnå størst mogeleg sikkerheit for våre eigne, mest mogeleg effektivt og til lågast kostnad.

Lat oss seia at militæret høyrer om uro, t.d. steinkasting. Dei veit ikkje kven det er, men det er sannsynleg at det er ein gut eller mann under 30, truleg frå næraste landsby. Dei har truleg informantar og namn på folk dei har teke tidlegare. Dei veit kven som bur i kva hus. Dei rykkar ut til landsbyen – om natta. Det er mest skræmande, samstundes som det skaper minst oppstyr og innblanding frå andre palestinarar.

Soldatane kjem kjørande inn i eit militært kjøretøy. Dei har sikta seg inn på eit bestemt hus. Dei hamrar på døra, gjerne mellom kl. 02 og 05. Familien får ikkje mange minuttar på seg til å opna døra, viss det ikkje vert gjort fort, så slår soldatane inn døra eller røskar ho av hengslene. Dei vekkjer familien, vil sjå gutane i familien, mor og far må vekkje dei. Dei må komme ut og blir stilt spørsmål. Soldatane tek bilete av dei, og arresterer kanskje ein gut i familien.

Kanskje har han vore med på noko, kanskje ikkje. Det er ikkje så viktig. Dei har reagert, folk vert skremde, og mistar nattesøvnen endå ei natt. Om guten ikkje har gjort det, så kan det likevel vera førebyggjande å skræma dei frå i det heile tatt å tenkja tanken.

I ein slik situasjon har ikkje mor og far noko dei skulle ha sagt. Dei får ikkje hindra at soldatane tek med seg guten. Dei får ikkje noko forklaring, dei får ikkje vita kvar dei tek med sonen, dei får ikkje vera med. Guten veit ikkje kvar han skal. Han veit at foreldra ikkje veit kvar han er. Han opplever at faren ikkje kan hjelpa han. Han opplever at mora sin trygling og gråt ikkje hjelper han. Han – som me kan håpa og tru har følt seg trygg i familien – opplever at 18-årige soldatar kan hersa med foreldra hans.

Han vert tatt med i militærbilen. Han får handjern og ofte strips på beina og armane og hette over hovudet eller bind for auga. Mange barn har rapportert om latter osv. frå soldatane i ein slik situasjon. Ofte må barnet liggja på golvet i bilen fordi soldatane treng seta. Når det passar slik sit soldatane med beina oppå barnet.

Barnet vert køyrt til ein politistasjon og må venta der til morgonen når stasjonen opnar. Stundom får dei mat og drikke, ofte ikkje.

Barnet kan sitja inne i dagar, veker, månader. Når guten kjem heim igjen vert det fest og han vert feira som ein helt! Men livet vert ikkje det same for familien, for guten. Han har ganske sikkert hatt vonde og skremmande opplevingar i fengselet; vorte plaga, fornedra, torturert.

Han kan reagera med at han ikkje orkar å sjå soldatar. Han vil ikkje gå ut, for han veit at han fort kan koma i søkelyset om det skulle skje noko, og også utan at det skulle skje noko. Dei sosiale banda og hans sosiale liv kan også øydeleggjast av at han ikkje veit om nokon kan ha tysta på han. Likeeins vil kameratane hans vera usikre på kva guten har kome til å seia til soldatane under avhøyr, og dei kan få gjensidig mistillit til kvarandre. Og guten vil slita med overgrepa frå fengselsopphaldet, vil vera irritabel og engsteleg, samstundes som han ikkje veit kven han kan stola på. Foreldra vil oppleva å ha fått ein annan gut tilbake – guten kan føla at han har mist den tryggheita foreldra skal vera.

Og kva gjer undertrykkinga med dei som utfører gjerningane? Unge gutar og jenter som er med på nattlege raid og arrestasjonar av born? Ein palestinsk mann sa til oss om israelarane: They’ve lost their humanity (dei har mista menneskelegheita si). Eg uroar meg for alt som det palestinske folket vert utsett for og har vorte utsett for sidan før 1948, og eg støttar deira kamp. Men eg undrar meg også over kva dette gjer med det israelske folket. Kva gjer det med fleire generasjonar av 18-åringar, gutar og jenter som tek aktivt del i fornedringa av andre menneske i kontrollpostane og alle dei andre kontrolltiltaka? Kva gjer det med alle dei israelarane som lever gode dagar i storbyen Tel Aviv, og ikkje  treng å bry seg om det som skjer på andre sida av grenseposten – men har eit innprenta fiendebilete av eit anna folk som bur ein halvtimes biltur unna, men som dei ikkje har omgang med, ikkje kjenner.

Eg har brydd meg mykje om jødane sin situasjon og det grusame dei vart utsette for før og under 2. verdskrigen. Eg har vore i konsentrasjonsleirar i Polen, Tyskland og Frankrike, har lagt ferieturar til reisemål for å sjå og minnast og læra.

Eg har lest bøker, sett filmar. Forferdeleg. Trist. Me må læra noko av dette. Eg vil ikkje ha meir krig og drap. Kva må me læra av dette? At det ikkje finst annanrangs menneske, at det ikkje går an å dela inn folk i «dei» og «oss».

Slik situasjonen er i Palestina no som palestinarane har mist so mykje av landet til kolonistane, er den einaste løysinga på lang sikt at alle må leva saman i ein stat med like borgarrettar for alle, og flyktningane må få koma heim att. Det er langt fram, men det er einaste måten å få ein rettferdig fred.

Fram til då må me støtta palestinarane og leggja press på Israel, slik at mest mogeleg av Palestina vert berga – folk, land og kultur.

Advertisement
Dei kjem om natta.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s