MIFF likar ikkje bloggen vår. Del 1: «… minst fire barn.»

Aslak T. Fjermedal

«Med Israel for fred» er eit merkeleg ugras i Guds hage. Det er tett mellom dei høgstemte lågkristelege i MIFF. Sjølv er eg ikkje særleg religiøs, men som sekulære protestantar flest, har eg vakse opp med førestillinga at kristne skal vera moralske, gode menneske, som gjer gode gjerningar og skyr Djevelen og alt hans vesen.

Mange lever sjølvsagt godt opp til dette biletet. Men so er det denne gjengen med ny- og gamalreligiøse som har vald ei bibeltolking og/eller eit politisk standpunkt som leider dei ut i eit djupt umoralsk landskap. Dei støttar eller bortforklarar alt Israel gjer, og svertar palestinarane tilsvarande. Dei gjer seg til talsmenn for kolonisering og etnisk reinsing, og opererer med ganske ulik standard for ulike folkeslag.

«De har høyrt det er sagt; her er det ingen skilnad på jøde og grekar, men MIFF seier dykk; det er sanneleg skilnad på jøde og palestinar.»

Conrad Myrland, dagleg leiar i MIFF og redaktør for miff.no, gjekk for litt sidan til kraftig åtak på innlegget Kai Steffen Østensen skreiv her på bloggen. Samstundes som han skuldar Kai Steffen for jødehets, skriv han sjølv ein del ting som er verd å merka seg.

Me var i Hebron, i den delen der 2000 israelske soldatar er bodyguard  for 500 jødiske settlarar som har funne det for godt å ta seg bustad  – andre sin bustad – midt i eit reint palestinsk område. Dette har ført til svært store problem for palestinarane. Me tala med Hashem Azzeh, som mellom anna hadde opplevd at kona to gonger mista det ufødde barnet deira etter at ho hadde vorte skamslegen av settlarar.

Myrland prøver seg med at «aktivisten selv innrømmet … at en domstol fant at bosettere ikke var ansvarlig for konens spontanaborter». Her kan ein koma til å tenkja at «oisann, han ‘innrømmer’ å fara med fusk», og det er det Myrland vil ha deg til å tru. Men om ein gjeng inn  på youtubevideoen han syner til, er det ikkje slik i det heile: Det er inga ‘innrømming’, men ei klage over upartiske domstolar som frikjenner settlarane, medan palestinarane vert fengsla og dømde med ein gong settlarane klagar dei for noko.

Det er ikkje særleg overraskande at ein israelsk domstol frikjenner i ei slik sak.

Det er kanskje heller ikkje overraskande, men ganske so spesielt, når Myrland ogso bagatelliserer hendingane slik: «Han nevner ikke at denne palestinske aktivisten siden har fått minst fire barn.»

«Minst fire» born til, då gjer det jo ikkje noko å ha mista to. Han er jo berre ein palestinar, og i tillegg aktivist, som Myrland passar på å få sagt. Og «minst fire» born til, det er vel nesten i overkant i seg sjølv, ikkje sant? Eit demografisk trugsmål og «minst fire» potensielle terroristar, ikkje sant?

Skal tru kva Myrland hadde sagt om det var ei jødisk kvinne mobben hadde gjenge til åtak på, fordi ho var jødisk,  – ikkje ei palestinsk, fordi ho var palestinsk? Ei jødisk kvinne i Paris eller København eller Oslo? Eller om ho var norsk og i nær familie? Hadde dette då òg vore greitt, dersom ho hadde fenge born seinare?

Eg ventar ikkje at dette skal vera nokon tankekross for Myrland og MIFF. Men alle som måtte næra den minste sympati for desse folka bør spørja seg sjølv kvifor dei bagatelliserer, bortforklarar eller forsvarar urett mot palestinarar, som dei aldri i livet ville ha godteke mot jødar.

Advertisement
MIFF likar ikkje bloggen vår. Del 1: «… minst fire barn.»

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s