«A ROOM WITH A VIEW» DEL 2

Utsikt frå Khouriya Palestinian Family Guest House i Jifna.
Utsikt frå Khouriya Palestinian Family Guest House i Jifna.

Av Aslak T. Fjermedal

Etter fem netter i al-Quds (Jerusalem), reiste me vidare til gjestehuset i Jifna. Det er ein triveleg plass. Den kristne palestinske familien som driv det bur i huset, og dei serverer god heimelaga frukost og middag – med lokale råvarer. Dei vil gjerne syna gjestfridomen og det vakre i Palestina. Samstundes er dei svært klåre på dette; slik stoda er no, vert kultur, samfunnsliv og næringsliv kvelt av koloniseringa.

Gjestehuset ligg litt oppe i lia, og me ser litt av landsbyen Jifna, med moské og kafé. På bakkekammen på hi sida av dalen ser me flyktningleiren Jalazone. Her bur det 15.000 menneske – flyktningar frå 1948 og etterkomarane deira. FN etablerte leiren i -49. Fram til då hadde dei budd meir spreidd, i telt og under oliventre.

Under etableringa av staten Israel spreidde jødiske militsgrupper frykt med terror og drap. For å berga seg og sine, flykta palestinarane i hopetal. Dei forlét hus og heim, gard og grunn, for å koma seg unna valdshandlingane. So kunne dei reisa tilbake når det hadde roa seg – trudde dei. Slik gjekk det ikkje.

Dei som hadde vore bønder og handelsmenn, snekkerar og frisørar, lærarar og bakarar, i eit kjent og kjært lokalmiljø, i gamle byar og landsbyar – no var dei flyktningar. No vart dei stuva saman i tettbygde leirar, i små enkle hus.

Dei hadde låst og teke med seg nøkkelen, og tenkt dei skulle snart heim att. Slik gjekk det ikkje. Landsbyane vart øydelagde og ligg til dels enno som ruinar, eller nye «eigarar» flytta inn. Liksom tyskarar få år tidlegare flytta inn i jødiske heimar, flytta no jødar inn i palestinske.

Dei sionistiske leiarane hadde eit klårt mål: Å skipa ein jødisk stat. Han måtte skipast på eit anna folks territorium, og jødane måtte vera eit sikkert fleirtal av innbyggjarane. Då var det ikkje nok med delingsplanen til FN, som ikkje inneheldt noko om tvangsflytting.

Difor vart rundt 750.000 palestinarar flyktningar i 1947 -49. Israel kallar det frigjeringskrigen og feirar – palestinarane kallar det al-Nakba og minnest. Etnisk reinsing har ulike namn hjå dei som reinsar og dei som vert reinsa bort.

Og den etniske reinsinga held fram. Dette er ikkje berre historie, det er notid. Det kan du lesa om i andre innlegg i denne bloggen.

Advertisements
«A ROOM WITH A VIEW» DEL 2

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s