Av Marit Fjordheim.
Me reiser rundt i Palestina. Me ser verkelegheita palestinarane lever i og ser all uretten som rammar det palestinske folket. Me høyrer historiane. Me kjenner tårene som fyller kroppen, som pressar seg fram i augnekroken, som renn nedover kinnet.
Palestinarane grin ikkje. Dei står framfor oss, alvorlege, fortel med klar røyst. Me ser ikkje ei tåre. Tårene er hjå oss. Det kjennest feil at det er me som grin, – me som snart kan reisa heim igjen til vår trygge kvardag. Men me veit at palestinarane har grine mange gonger over sine tap. No står dei ranke framfor oss. Fortel. Eit stolt folk utan tårer. – Og minner oss om vår plikt, – til å fortelja.
Og me grin.
Ein palestinar sa at dei treng ikkje våre tårer, men vår støtte. Men me grin.
Me veit – som palestinarane – at å grina ikkje er å vera svak, men syner eit varmt hjarte og gjer oss sterke!
Me vil grina og me vil kjempa – med palestinarane!
Takk for at eg møte og vera med dykk ein dag her. God tur heim til styrka solidaritetsarbeid på sørlandet.
LikeLiked by 1 person