“A room with a view” – del 1

Av Aslak T. Fjermedal

Til pappas blogginlegg
U
tsikt frå Victoria Hotel i Aust-Jerusalem

Ikkje den beste utsikta frå eit hotellrom, vil du vel meina. Likevel – det er eit bilete som syner litt av den systematiske forskjelsbehandlinga av jødar og palestinarar i Israel, i Jerusalem, på Vestbreidda – i heile det historiske Palestina. Den svarte tanken. Den svarte tanken palestinarane lagrar vatn i, so dei kan klara seg når vatnet er stengt.  Sume tider er det stengt so lenge at tanken gjeng tom. Då må dei kjøpa det vatnet dei betalar skatt for å få. Då må den svarte tanken fyllast opp frå ein tankbil.

Me kunne ha vist hundrevis av bilete frå denne turen, med tusenvis av vasstankar. Mot horisonten ser me rader av bustadblokker med svarte tankar på taket. Små og store hus, fattige og rike palestinarar, alle treng dei ein svart tank. Det er ikkje mange rike palestinarar. Middelklassen er nesten utradert. Men noke få har store og fine hus. Du kan ikkje seia sikkert om eit hus er jødisk eller palestinsk. Sikraste teiknet er den svarte vasstanken.

Det er ikkje berre vatnet som vert skeivdelt mellom desse to – i opphavet – brødrefolka. Søppeltøminga er eit anna område. Når det offentlege ikkje hentar den søpla du har betalt skatt for at dei skal henta, då vert det fort eit forslumma og utriveleg byrom – og myten om «skitne arabarar» kan få næring.

Ulike tilbod til folkeslaga gjeld ikkje minst byfornying. Det trengs utruleg mange Tøyenpakker for å heva dei palestinske buområda i Jerusalem til noko som liknar dei jødiske. Det er det sjølvsagt ingen planar om. Derimot er det ein plan – Jerusalem 2020 – der det overordna målet er å auka den jødiske befolkninga og minska den palestinske.

Etnisk reinsing. Det er dette som er det overordna målet. For å oppnå ein mest mogeleg rein jødisk stat for kolonistane, må det koloniserte folket drivast ut. All forskjelsbehandling, frå søppel- og vasstenester til riving av hus, nekting av byggjeløyve og ekspropiering av land – har det overordna målet å gjera det uleveleg for palestinarane i eige land.

Advertisements
“A room with a view” – del 1

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s