Skal det aldri ta slutt?

Femti år med okkupasjon, kolonialisering og militær justis. Skal det ingen ende ta?

11091340_10204975916732038_2921585741694001175_n

Verdssamfunnet overser og norske konservative politikarar trekkjer på skuldrene av Israel sin okkupasjon av Palestina. Etter å ha fått innsikt i kva okkupasjonen inneber, er det lett å forstå at palestinarane kjenner seg forrådt og makteslause og ropar på sin rett.

Fire hundre tusen settlarar har konfiskert land og fortrengt og i mange tilfelle trakkasert palestinarar. For å få gjennomført denne politikken utøver Israel beinhard militær justis. Palestinarar blir behandla etter militære strenge lover, medan israelarane i dei ulovlege koloniane i praksis blir behandla etter langt mildare sivile lover.

Mange stader bryt poltiet seg inn i palestinske heimar midt på natta for å hente og fengsle palestinarar, også barn. Dette er ein strategi for å slå ned all motstand mot dei ulovlege koloniane og prøve å presse palestinarane ut for å få plass til fleire koloniar. Årleg blir tusen barn fengsla og enkelte misshandla. Alt dette skuldast i følgje den kjente britiske juristen Gerard Horton ein politikk som skal bane vei for den ulovlege kolonialiseringa.

Det er heilt utruleg at verda har latt dette foregå i snart femti år. Ingen andre stader kunne dette ha skjedd utan massive sanksjonar frå verdssamfunnet. Endå meir utruleg er det at politikara i eit demokratisk land som Noreg kan forsvare desse overgrepa og snakke om «ballanse». Eg er redd Israel har ein politikk for å gjere det umogeleg å få til ei tostatsløysing. Om ikkje verdssamfunnet legg press på Israel, kan denne løysinga snart vere uaktuell og Palestina kan bli utradert eller bli nokre små innmura øyer med dei dramatiske konsekvensane det kan få.

Alf Holmelid

Advertisements
Skal det aldri ta slutt?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s