Å komme tilbake.

av Gyro F. Fjermedal

Etter et par timer i kø, to ombookingar og ein del venting kom eg endelig fram til Palestina. Sjølv om det følast som det har gått kort tid er det nå gått tre år sidan sist eg var her. Det å vere tilbake gir blanda følelsar.

Å komme tilbake til Palestina er godt. Det minner meg om alle dei gode minna eg har frå førre gong. Vi har reist forbi falafelplassen der våre nye palestinske venner for tre år sidan spanderte nattmat. Dei vi og var med heim og trefte familien til, nevøar og nieser som viste fram kosedyra sine. Å komme tilbake minner meg om all gjestfriheten vi møtte sist gong.

Å komme tilbake til Palestina er frustrerande. Det minner meg om alt det vonde vi såg og opplevde sist. Det er tungt å sjå kor mykje som er likt, om ikkje verre. Jerusalem er framleis ein delt by. Skuleborn må framleis gå gjennom checkpoint på veg til og frå skulen. Å komme tilbake minner meg om at menneske kan gjere mykje vondt.

Men på tross av frustrasjon, og at det verker som mykje står stille eller går feil vei, så er det framleis mykje håp og framtidsvilje. Når ein ser borna som viser fram palestinsk dans, og som konkurrerer om å lese flest bøker, så ser ein og ei framtid. Ei framtid der det ikkje er okkupasjon, mur eller checkpoints, men eit samfunn der ein kan leve fritt. Dette er det vi kjemper for. Vi fortsetter arbeidet fordi vi vil at neste gong vi kjem til Palestina, så skal det være eit fritt Palestina.

Måleri frå Ghirass Cultural Center
Advertisements
Å komme tilbake.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s